Tur Referat

AVSLUTNINGSTUR 10. TRINN 2009-2010

TIL MONTENEGRO

Søndag 30. mai kl 03.45 møtte me opp på parkeringsplassen utanfor samfunnshuset til felles avreise med gratis busstransport til Sola flyplass. Takk til Morten busssjåfør. Me var 17 ungdommar, 11 foreldre/foresatte og 1 reiseleiar som skulle ut på denne turen. Etter innsjekking og ein flytur på nokre timar så landa me i Dubrovnik. Utanfor flyplassen stod det ein buss som skulle ta oss med vidare. Me skulle få med oss kroatisk folkedans (Cilipi folklore). Rundt omkring på denne plassen var det forskjellige standar der det vart selde ulike ting som handlaga dukar, bilete m.m.

Etter dette så gjekk turen med buss inn til gamle Dubrovnik. Det var ein veldig fin by med mykje historie i. Det var mange restaurantar og små butikkar. Rundt heile byen var det ein mur som ein kunne gå oppå og turen rundt tok ein time. Me hadde lunsj og veldig god mat på ein restaurant.  I ein time hadde me med oss ein guide som fortalte historie og fakta om bygningane. Så vart det litt fritid slik at me fekk sjå oss litt omkring i byen. Nokre tok turen oppå muren mens andre bare slappa av i det fine veret. Det var nemleg steikande sol og varmt.

Gamlebyen i Dubrovnik

Kl 17.00 gjekk turen vidare med buss over grensa til Montenegro. Me måtte gjennom ein grensepost og det tok tid. Alle passa måtte samlas inn og sjekkas, skannas og stemplas. Det tok tid før me kunne kjøra vidare. Endeleg kom me fram til Montenegro Appartement og plassen heiter Denovici. Der blei me tekne imot og fekk tildelt leilegheitene som me skulle ha. Dei var flotte, med alt det du kan tenke deg, nemleg spadusj i nokre av dei. Etter utpakking så hadde me fri til bading, soling og sjekke ut plassen me skulle vere i ei veke.

Slik såg bygningane ut der leilegheitene var. Nokre var små og andre var ganske store med god plass. Utanfor var det eit basseng som alle gleda seg til å prøve, men den gang ei. Det kom ikkje vatn i det mens me var der. Alle var veldig skuffa.

Måndag var ein avslappingsdag. Etter frukost tok jentene seg ein sykkeltur til Herceg Novi, ein liten by. Mens andre fiska og sykla rundt omkring på strandpromenaden. Nokre foreldre gjekk eller sykla til Igalo. Dei som gjekk hadde ein fin, men utfordrande tur. Det var veldig langt og enda med at dei tok taxi det siste stykke. Igalo var ein liten, men veldig turistprega by. Mange små butikkar og restaurantar med mykje god mat. 3 av oss foreldre hadde ein uforgløymeleg tur heim med ein lokal buss med treseter. Ei oppleving å få med seg og veldig hyggelege og hjelpsame innbyggjarar.

Seinare den dagen kom det 2 damer frå Røde Kors og fortalte om forholda i landet og korleis dei er prega av krigen. I og med at me hadde pakka med oss mykje klede og andre nødvendige ting som med skulle gje til ein barneheim og for dei som er handikappa, blei me alle utnemnde til æresmedlemmar for Røde Kors i Montenegro. Dette viser bare kor takknemlege dei er for å få det me hadde med oss av klede og skrivesaker. Etter dette var det litt fri igjen og kl 20.00 var alle samla for middag. Det var skikkeleg god service på denne restauranten som låg langs strandpromenaden. Langs denne promenaden var det hoteller, mange restaurantar, ein butikk og ein god del bustadar som lokalbefolkninga budde i.

Tysdag så gjorde alle seg klare til ein fortreffeleg båttur til Cuba Libre etter ein god frukost. Det var veldig mykje å sjå på denne turen. Mykje store bustadar opp i fjellsida. Mykje byggeaktivitet. Turen byrja ganske bra med fin sjø, men det skulle verta ein del meir vind og sjø. Me klarte å ta oss inn til kai, for me hadde ein stødig og god båtførar. Det bles ganske mykje så me måtte finne oss ein god skjerma plass. Me sola oss, spela ball og åt gode hamburgare på ein av dei mange restaurantane. Det blei også tid for bading i sjøen for dei som ville det. Etter ein lang dag på øya så reiste med heim til leiligheitane for så å få middag seinare om kvelden.

Onsdagen starta med ein god frukost, eksklusivt med kokte egg. Veldig bra. Denne dagen skulle me på båttur til Kotor. Et foreldrepar var så spreke at dei sykla til Kotor. Praktisk trening til Nordsjørittet. Me var innom ei øy for å sjå på ei gamal kyrkje. Den var veldig rikt utsmykka med flott arkitektur.

Om bord på båten fekk me servert mat og drikke. Alle vaksne fekk servert den nasjonale drikken som skulle drikkes i ein slurk. Veldig sterkt. Det var litt regn i byrjinga men det skein opp til strålande sol. Alle tok turen til gamlebyen i Kotor. Det var små gater med mange små butikkar. Det var kjenneteiknet for denne byen. Det var også ein del cruiseskip der. Etter nokre timar med kikking og litt handling var det tid for heimreis. Det spreke foreldreparet var med eit stykke i båten før dei hoppa av og ville sykla resten av vegen. Veldig sporty gjort. Seinare på kvelden kosa me oss med middag (snitzel og pommes frites). Det blei spela kort og alle hadde kost seg denne dagen.

Torsdag vakna alle tidleg til ein god og fersk frukost. I dag var det luksus med egg og bacon. Etter frukost så var det å venta på å verta kjørte inn til Igalo i taxi. Me skulle på eit dagsenter for funksjonshemma barn. Dagsenteret drives av foreldre til nokon av barna på senteret. Det er om lag 40 handikappa barn som kjem og går i forskjellige grupper. Når me kom blei med godt teke imot og servert drikke og noko å bite i. Det blei fortalt litt om arbeidet som blir gjort. Dei var veldig takknemlege for kleda me gav dei.

Å gje var ei stor oppleving når ein fekk sjå gleda i ansikta til dei som fekk. Etterpå så skilde me lag, men me visste alltid kor alle var og ingen gjekk aleine. Nokre fekk massasje og nye negler, mens andre gjekk inn til byen og handla og åt litt mat. Turen tilbake gjekk i taxi og nokre ville prøve bussen. Om kvelden fekk med middag. Me leide restauranten for kvelden slik at ungdomane fekk ha diskotek med dans og song. Det var ein vellykka dag og kveld.

Fredag starta som alle andre dagar med ein god frukost og deretter skulle me til barneheimen. Det me skulle gje blei frakta med bil og nokre av oss var med i den. Resten av gjengen tok syklane fatt og sykla. Me blei mottekne og fekk ein orientering om korleis denne heimen blei drevet og kor mange barne som budde der. Det var frå små babyar til ungdomar opp til 18 år.

Det blei overrekt kleda, blyantar, fargestiftar og fargebøker, samt eit fotokamera. Me fekk omvisning i nesten hele bygget. Det var ei sterk oppleving og verdt å få med seg. Etterpå reiste me tilbake til leiligheitane og hadde fri resten av dagen. Nokre slappa av og kosa seg der me budde, mens andre tok turen til Herceg Novi for å utforske denne byen og handle litt. Denne dagen var det overskya og litt regn. Dette var siste dagen me var på denne plassen også den siste kvelden me skulle ete middag på restauranten. Me tok gruppebilete av alle som var med på turen og av alle dei som arbeida på restauranten. Før me tok kvelden så måtte me vaske, rydde og pakke slik at alt var klart til avreise tidleg neste morgon.

Tidleg laurdag morgon drog me avgarde med buss til Mostar, ein stor by i Bosnia Hercegovina. Frukosten inntok me i bussen. Me måtte gjennom ein del tollstasjonar og kontrollpostar. Nokre av dei gjekk det fort i mens andre gjekk det veldig seint i. Me hadde to stopp før me nådde fram. Den eine plassen var veldig spesiell med sal av alle slag frukter og drikker. Dei som selde var heilt ville.

Her er ei av salgskonene som gjorde alt dei kunne for å selge.

Det var også ein del andre salgsboder deriblant alle slags smykker, armband og andre ting. Det var også ein restaurant. Det var ein plass alle turistar stoppa. Den dagen var det veldig varmt, så det var bra å kunne gå inn i bussen igjen og køyre vidare. Under denne turen fekk me sjå litt av kvart etter krigen. Hus som var beskytt og bomba. Kulehola var ennå i veggene. Det var også hus som var brent ned og ikkje bygde opp igjen. Ei sterk oppleving.

Etter ein lang busstur kom me endeleg fram til Mostar og kunne gå ut i varmen. Det var eit knallgodt ver med steikande sol og 30-40 grader. Me måtte passe på alt av verdi fordi det var ein del sigøynare som stol alt dei kunne kome over. Det var også ein god del tiggarar. Kjenneteiknet til denne byen er brua som går mellom dei to bydelane.

Denne brua er Mostar kjent for. Den blei bomba og delte då byen i to, den er nå bygd opp igjen. Veldig flott bru og verdt å få med seg.

Frå gamalt av budde det katolikkar på den eine sida og muslimar på den andre sida av brua. Men no, 8-9 år seinare kan man bu fritt i landet. I denne byen hadde me guide som snakka norsk. Det var bra for da virka alt litt meir interessant enn å få guiding på litt dårlig engelsk. I Mostar var det mykje å sjå. Mange butikkar, bodar og restaurantar. Og ikkje minst veldig mykje turistar frå alle land. Høgdepunktet var då ein ung mann HOPPA frå brua. Han hoppa utan tau eller nokon form for sikring. 20 meter fritt fall. Elva han hoppa i var 5 meter djup. Vatnet var steinkaldt, ca 7-8 grader. For at han skulle hoppe så skulle han ha 25 euro og det var ei enkel sak for oss for me samla inn 25 euro og fekk ei kjempeoppleving og god plass å sjå frå. Dette var hans jobb om sommaren. Det var bestilt lunsj på ein av dei mange restaurantane i byen. Veldig god mat. Då me var gode og mette, gjekk me for å handle og kikke på alt som var for sal.

Etter ein gild, men litt kort dag i Mostar gjekk turen tilbake til Kroatia og Dubrovnik. Me skulle overnatte på hotell i utkanten av flyplassen den siste natta. Det var eit veldig fint hotell med strand og symjebasseng. Her benytta gutane seg å ta ein dukkert i bassenget etter ein varm dag. Det var veldig fine rom og veldig god mat. Det var koldtbord og me kunne ete så mykje me ville. Etter maten var det diskotek for alle, men det vart ein tidleg kveld.

Søndag 6. juni skulle me tidleg opp og ete frukost, pakke og reise til flyplassen og sjekke inn bagasjen. Me handla litt på taxfreen og sette oss ned for å slappe av og vente på ombordstiging. Flyet var ganske fullt og turen heim gjekk heilt fint. Det var heilt klart heile turen og det var ein oppleving å kunne sjå alt me flaug over. Landingen gjekk fint, så var det gjennom toll og slike ting som høyrer med.

Oppsummert, er at turen er å anbefale til andre 10. trinn som avslutningstur. Det var ei oppleving å få sjå og høyre korleis folk har hatt det under ein krig som er av nyare dato. Det å gjera noko ingen andre ungdomar har gjort før. Det var ein lærerik og opplevelsesrik tur.

 

Trine, Astri P, Astrid W og Nina har skrevet dagbok.

Anne Lovise har supplert og lagt til bilete.